Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Ope brev til Utlendingsdirektoratet

Klage på UDI/Vest sine prosedyrer ved oppretting av asylmottak

Av Innvik Bygdeutvikling

Styret i Innvik Bygdeutvikling er svært kritiske til måten saka om asylmottak i Innvik og Loen blir handtert på frå UDI si side. Lite eller ingen informasjon, knappe tidsfrister, bagatellisering av reelle problemstillingar rundt bustandard, integreringsproblem og oppbygging av nødvendige tenester. I Innvik skal mottaket ta mot 95 asylsøkarar i ei bygd med 550 innbyggarar.

Vi er ganske vant med utlendingar og framande kulturar både i Innvik og Loen. Vi har ei rekkje utenlandske sambygdingar som bur i Innvik og er fullt integrert her. På skulen er 21 av 85 elevar framandspråklege. I bærsesongen er over 40% av folk i bygda av utanlandsk opprinnelse.

Vi vil meir enn gjerne halde fram med å busetje og integrere asylantar, men i handterlege antall.

Første signal om etablering av mottak i Innvik kom 27.mai, i Fjordingen. På orienteringsmøte 3.juni kom det etter kvart fram at etableringsdato er 1.august. Det betyr altså at vi får 2 månader på oss – inklusive sommarferie – til å bygge opp dei nødvendige servicefunksjonane, og finne nye bustader til dei som bur der asylmottaket skal kome.

Vi forventar at ein statleg instans driv seriøst og i tråd med grunnleggande demokratiske prinsipp. Ei vesentleg opplysning som oppstartsdato; kor lenge skulle den haldast skjult? Er det i det heile tatt muleg for skule, barnehage, helsetenester osv å kunne ta imot så mange nye innbyggarar i løpet av så kort tid? Vil ikkje det gå ut over dei som bur her fast?

UDI har 18.000 mottaksplasser, ca 15.000 av desse er i bruk. Av dei som bur der er berre en tredel asylsøkarar. Ein tredel har fått innvilga asyl og ventar på busetjing. Men 5.000 har fått avslag på asyl og oppheld seg i prinsippet ulovleg i Norge. Kva med å prioritere arbeidet med retur av desse? Det er i den gruppa ein finn dei økonomiske flyktningane, som kompromitterar asylinstituttet sin grunntanke om beskyttelse av individ som av forskjellige årsaker ikkje er trygge i heimlandet.

Stryn kommune har hatt vekst i innbyggartalet på grunn av stor økonomisk aktivitet og stor arbeidsinnvandring. Her er allereide store konsentrasjonar av arbeidsinnvandrarar som ikkje er fullt integrert i samfunnet. Det er eit uttrykt mål at bebuarane i asylmottaka skal integrerast i lokalsamfunnet, kan vi klare det når så stor andel av bygda er innvandrarar?

Kommunen har lite arbeidsløyse og mangel på bustader. Vi fryktar at etablering kan fortrenge våre eigne bygdafolk og gjere det vanskeleg å få tak i ny, kvalifisert arbeidskraft.

Etter vår meining stettar heller ikkje dei tilbydde buforholda krava til alminneleg bustandard. Til dømes på Langvin skal 8-12 personar bu i kvar av dei gamle elevinternata (bygd ca 1972). Der er det to dusj/toalett og eit lite te-kjøkken som desse må dele på. Kvar hybel er på knapt 8 kvadratmeter. I følge Norsk Folkehjelp er det OK plass for ei mor med et barn eller to. Vi synest ikkje dette kan kallast verdige buforhold.

95 asylantar i Innvik tilsvarar 2.000 i Førde eller 100.000 i Oslo, i forhold til folketalet. Det er eit stort inngrep i bygda. Vi ser det som heilt naturleg at folk fryktar at det kan medføre endringar i negativ retning på bumiljøet. UDI sin strategi med å køyre fram etableringa som hastesak – og uten demokratisk påverknad – er heilt feil hvis målet er integrering og lokal støtte til mottaka.

Bygdefolket stilte på orienteringsmøte for bygdene med åpent sinn. Vi hadde ikkje i forkant merka at det var bastant motstand mot asylmottak i bygda, men motstand mot
til det store antallet. Møtet var arrangert av Stryn kommune. Et nødvendig og godt initiativ av ordførar Sven Flo, men hadde det ikkje vore meir naturleg om UDI tok initiativet til eit slikt orienteringsmøte?

Vi møtte representantar for UDI og Norsk Folkehjelp som brukte lang tid på presentasjon og til dels bagatellisering av problem rundt drift av asylmottak. Det vart m.a. sagt at dei store protestane frå lokalsamfunn kjem når asylmottak blir nedlagt, ikkje ved opprettelsen. Hvis det er tilfelle, ville det då ikkje vere best å gjenåpne stengte mottak? Der er vel fortsatt litt av kompetansen til stades i nærområdet, og et offentleg apparat som er vant med utfordringane.

UDI sin framgongsmåte med svært knappe tidsfristar har ikkje forankring i eit reellt behov. I denne omgong er det snakk om totalt 1.000 nye mottaksplassar, for å kunne møte ei forventa auke i talet på asylsøkjarar Bebuarane er her altså ikkje enno, og det er ingen som veit om dei kjem, heller.

Prosessen i denne utlysningsrunda er slik: Utlysning: mars. Anbudsfrist: medio mai. Avgjerd: medio juni. Oppstart 1.august. Ei slik imponerande framdrift i en statleg etat er ikkje vanleg. Ligg det en bevisst strategi bak det voldsomme tempoet?

Det er bygdafolket og kommunen som må gjere den egentlege jobben her. Blir det forventa at vi er med på laget uten å bli spurt og uten å kunne førebu lokal tilrettelegging?

Orienteringsmøtet var i og for seg klargjerande: Vi har ingen reell innflytelse på kva som skal skje og antalet på 95 plassar er ufråvikeleg. Investorane som eig bygningsmassen kan saman med UDI gjere store inngrep i kvardagen vår og i dei lokale offentlege tilbuda, uten å spørre hverken oss eller kommunen.

I løpet av orienteringsmøtet snudde den til dels positive stemninga fullstendig. I eit påfølgande styremøte beslutta Innvik Bygdeutvikling å legge ut ein underskriftsaksjon mot asylmottaket, for å gje eit utløp for meiningane i bygda. I løpet av 48 timar har 241 personar skrive under på oppropet, som er ein protest på prosessen, antalet og tidsfristane.

Konklusjon:

1 UDI/Vest har fullstendig neglisjert Stryn Kommune og lokalsamfunnet når det gjeld informasjon om asylmottak-planane. Det er klanderverdig.

2. Presentasjonen fra UDI Vest og Norsk Folkehjelp i møte i Innvik ga eit urealistisk bilde av kva ein kan vente når et asylmottak er på plass i et lokalmiljø. (Det var Stryn Kommune som arrangerte møtet)

3. Hverken UDI eller Norsk Folkehjelp hadde særleg lokalkunnskap om eigedomane som er tilbydt frå utleigar.

4. Innvik Bygdeutvikling forventar at UDI endrar sine rutiner når det gjelder oppretting av asylmottak . Det må være ein demokratisk prosess i eit demokratisk land.

Innvik Bygdeutvikling ser fram til et snarleg svar på denne klaga.

Styret for Innvik Bygdeutvikling:
Lars Åge Hilde, Inger Hoff, Marianne S Drageset, Jon Idar Hilde, Ørjan Skåden, Harald Røyrvik, Anton Skogstad, Per Heggdal, Olav Rune Haugen, Else Marit Paulen



(Sist oppdatert 10.juni 2013, 10:24)

Gå til nyhendearkiv