Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Jakob klipte snora

God og velfungerande rullestolrampe

Vikane omsorgssenter har fått ein god og velfungerande utgang for rullestolbrukarar.

- Då Jakob Kvamme kom til sednteret i 2009, oppdaga han fort at den eksisterande utgangen var bratt og farleg å køyre på eiga hand. Slik hadde den faktisk vore i nærare 40 år, fortalde områdeleiar Oddhild Hilde då utgangen offisielt opna 17. mai.
Jakob klipte snora.

Hilde fortalde vidare at Kvamme tok opp problematikken med den bratte utgangen fleire gonger. Ikkje berre såg han problemet, men hadde også forslag til løysing.
Løysinga var ein realitet hausten 2012, og 17. mai var eit fint høve til å offisiell opning då toget stansa ved omsorgssenteret.

Med Jakob Kvamme si løysing er bebuarane på Vikane omsorgssenter blitt meir sjølvhjelpne og har større muligheit til å kome seg ut i frisk luft utan å vere avhengig av andre.


Jokob Kvamme fekk assistanse av områdeleiar Oddhild Hilde då han klipte snora.


Områdeleiar Oddhild Hilde held tale til 17.mai-toget og fortel om initiativet til Jakob Kvamme.


(Sist oppdatert 11.juni 2013, 20:09)

Gå til nyhendearkiv