Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Informerer om mogleg etablering av asylmottak

Av Atle Berge, UDI

Det er ikkje uvanleg med reaksjonar i forkant av etableringar eller moglege etableringar av asylmottak. Difor legg også UDI vekt på å informere kommunane og naboar så tidleg som mogleg i prosessen. Det er også krav frå UDI si side at dei som legg inn tilbod på drift av asylmottak skal informere kommunen om planane på eit tidleg tidspunkt.

Det er UDI som har fått ansvaret med å etablere tilstrekkeleg med mottaksplassar. UDI er bunde av norsk lov om ”offentlige anskaffelser” når det gjeld å innhente tilbod og inngå kontraktar med driftsoperatørar for mottaka.

Måten å skaffe mottaksplassar var diskutert i Stortinget i 2008. Alle partia, med eit unntak, ville halde på modellen med konkurranseutsetjing utan ”vetorett” for vertskommunane. Hovedgrunngjevinga var at ein elles frykta for at Noreg ikkje skulle klare å ivareta si internasjonale og nasjonale plikt til å innkvartere asylsøkjarar.

Dette betyr at UDI ikkje veit kor vi får tilbud om nye mottak før vi opnar tilbodsprotokollen.
I denne konkurransen gjorde vi det den 16.mai kl 12.00. Seinare same dag ringte vi politisk og administrativ leiing i dei aktuelle vertskommunane og informerte om tilbod som hadde kome inn. Vi tilbaud oss å kome til Stryn for nærmare å informere politikarar, administrasjon og naboar. Det vart då einigheit om å invitere til eit folkemøte, der også tilbydar skulle vere til stades.

Utlysinga om behovet for nye plassar vart offentleggjort den 25.mars. Som nevnt skal driftsoperatørar kontakte aktuelle kommunar så tidleg som mogleg. I dette høvet er vi kjent med at Norsk Folkehjelp har informert kommunen slik UDI har krav til. UDI Regionkontor Vest sendte også ein e-post den 3.mai til alle ordførarar, rådmenn og fylkesmenn i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og informerte om at det var utlyst konkurransar om etablering av asylmottak.

At vi er tidleg ute og informerer betyr ikkje at det er bestemt at det vert etablert eit mottak i Stryn. Underteikning av avtalar i denne konkurransen er meint å skje den 3.juli.

Venleg helsing
Atle Berge
Regiondirektør
UDI Regionkontor Vest


Les også saka Ope brev til Utlendingsdirektoratet, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 14.juni 2013, 15:12)

Gå til nyhendearkiv