Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Held fast på at det blir for mange asylsøkjarar i bygdene

Kom med samrøystes uttale - held fast på at det blir for mange asylsøkjarar

Av NRK Sogn og Fjordane

Ein samrøystes kommunestyre i Stryn kom i går ettermiddag (13/6) med ein felles uttale i samband med planane om eit desentralisert asylmottak i kommunen.

– Denne saka har skapt stort engasjement i kommunen. Også politisk ønskjer vi å seie noko og det var grunnen til møtet. Alle partia var gjekk samrøystes inn for ein uttale til UDI om den avgjerda dei skal ta neste fredag, seier ordførar Sven Flo til NRK.no.

Les saka på www.nrk.no/sf.

Samrøystes uttale om asylmottak

Av Fjordingen

Etter at dei ulike partia hadde fått fram sitt syn, enda det opp med fylgjande samrøystes fråsegn:

1. Stryn kommune oppmodar UDI om å stille krav til ei større spreiing av det omsøkte asylmottaket i Stryn kommune. Ei stor samling av asylsøkjarar i små bygdemiljø vil kunne skape konflikter.

2. Stryn kommune kan ikkje tilrå etablering av asylmottak slik søknaden ligg føre i dag.

3. Utover dette er kommunen budd på å stille opp og ta sin del av samfunnsansvaret.

4. Stryn kommune oppmodar UDI om å arbeide for å integrere asylsøkjarar som sit i mottak i dag med endeleg opphald i norske kommunar. Det er viktig for enkeltpersonane at dei vert tekne vare på og integrert i Noreg.

Dette skreiv Fjordingen på nett 13/6 kl.17:31, følg Fjordingen på www.fjordingen.no.


(Sist oppdatert 14.juni 2013, 15:52)

Gå til nyhendearkiv