Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Planar om asylmottak lagt på is

Møtte sterk motstand - legg planar om asylmottak på is

Av NRK Sogn og Fjordane

Det blir ikkje noko asylmottak i Stryn med det første. Norsk Folkehjelp har nemleg lagt planane på is for denne gong.

Planane om å plassere 60 asylsøkjarar i Loen og 95 i Innvik har møtt sterk motstand frå både kommunen og innbyggjarane.

Trygve Augestad i Norsk Folkehjelp seier dei har lagt merke til dette, og at dette saman med problem med å finne gode nok bygg til å huse asylsøkjarane gjer at dei legg planane på is.

– Vi har framleis lyst å jobbe vidare med Stryn, og jobbar vidare for å få til eit godt asylmottak der. Men vi greier ikkje få det til innanfor den anbodskonkurransen som er utlyst no.

– Difor legg vi førebels planane på is, seier han til NRK.no fredag føremiddag.

Les saka på www.nrk.no/sf.

Droppar noverande planar om asylmottak i Stryn kommune

Av Fjordingen

- Bakgrunnen for avgjerda er i hovudsak dei innvendingane som er kome mot dei konkrete planane for Loen og Innvik. Vi har merka oss at ein i kommunen ikkje er negativ til etablering av mottak, men at det er ei bekymring knytta til antal plassar på dei to stadane. Vi ønskjer å gjere ei ny vurdering av dette, og vil sjå om vi kan få til ei større spreiing av bueiningar i kommunen, skriv Norsk Folkehjelp i ei pressemelding.

Les saka på www.fjordingen.no.


(Sist oppdatert 14.juni 2013, 16:03)

Gå til nyhendearkiv