Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Bringebæra let vente på seg

Vanskeleg sesong for bringebærbøndene

Av Fjordingen

Ein vanskeleg vinter har ført til ein dårleg og sein bringebærsesong.
- Vi ser ein nedgang i år på 30 prosent i forhold til det som var forventa, seier Svein Kvame ved Innvik Fruktlager.

Biene surrar rundt bringebæra til Wald Lyslo i Innvik.
- Har ein bier i ein frukthage kan det auke bærproduksjonen med 30 prosent og ein får større bær, fortel bonden.
Saman med sine to polske arbeidarar sjekkar han tilhøva i ein av dei mange bringebærtunnelane sine. Innimellom er her eitt og anna raudt bær, ellers er dei fleste grøne.
- Vi reknar med å byrje plukkinga på måndag. Det blir ikkje store mengder, men nokre brett kansje, seier han.

Les heile saka i Fjordingen fredag 12. juli 2013, side 6 og 7.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 15.juli 2013, 00:23)

Gå til nyhendearkiv