Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Grillfest på Vikane omsorgsenter

Grillfest på Vikane omsorgsenter 11. juli 2013

Av Vikane Omsorgssenter

Vikane omsorgsenter prisar sommaren og «fineveret» med å lage grillfest den 11. juli.

Det vart dekka og pynta bord på tunet. Menyen bestod av grillspyd og laks. Tilbehør
var potetsalat, brokkolisalat og grøn salat. Til dessert vart årets første jordbær servert.

Områdeleiar Oddhild Hilde fortel at flesteparten av bebuarane var ute på tunet og kosa
seg med mat og song på denne fine dagen.

Grillfest VOS
Fint utever den dagen Vikane omsorgssenter hadde grillfest.

Åsmund Tonning, Håkon Hatlen og Jakob Kvamme
Åsmund Tonning, Håkon Hatlen og Jakob Kvamme var mellom dei som kosa seg.


(Sist oppdatert 18.juli 2013, 06:14)

Gå til nyhendearkiv