Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Leiarskifte på fruktlageret

Av Fjordingen

Henriette Skåden er tilsett som ny dagleg leiar for Innvik fruktlager etter Svein Kvame, som går over i ei stilling meir retta mot produksjon og produsentar.

- Etter vel 26 år er det greitt med litt skifte, seier Kvame som har fått vore med på ei spennande utvikling for Innvik fruktlager og den sterke satsinga på bringebær og etter kvart også plomer, i indre og midtre Nordfjord.

- Det er greitt å sleppe til nye krefter etter så mange år, seier han og ser fram til å jobbe meir med produksjonen. Sjølv om det har vore eit svakt år for mange produsentar er det ikkje nederlagsstemning. Dei som satsar på jordbær fornyar felta, og det er planta 30 nye mål med bringebær, som er det store satsingsområdet.

Langt under normalår

Jordbærproduksjonen i indre og midtre Nordfjord er knapt 45 prosent av eit normalår. Bringebæra vil trulig nå 70 prosent. Eit fellestrekk for produksjonen er at det skifter voldsomt frå produsent til produsent.

Det kom ikkje som noko overrasking at den spesielle vinteren med frost og lite snø ville skade årsproduksjonen i landbruket, men det varierer frå gode avlingar til produsentar som aldri har hatt så dårleg sesong som i år.

Bringebærsesongen er godt i gang men det blir ikkje krunår. Kvame reknar ikkje med full hausting før kring 8.- 10. august, og heller ikkje her er vergudane på produsentane si side. Mykje regn øydelegg for plukking av konsumbær der det ikkje er tunnelproduksjon.

Ti prosent auke for plomer

Det blir mindre med plomer enn venta, men likevel ein auke på ti prosent i høve til fjoråret.

Eple ser ut til å nå normalår, og pære er det nesten slutt på. Men på grunn av at alt er seinare enn vanleg er ein avhengig av ein god haust, og at ikkje nattefrosten melder seg for tidleg.

Les meir om leiarskifte og fruktavlinga i Fjordingen mandag 5. august 2013, side 6 og 7.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 05.august 2013, 20:21)

Gå til nyhendearkiv