Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_6d83_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne:

Behov for automatisk døropnar

Av Fjordingen

- Inngangsdøra til helse-senteret i Innvik er så tung at ein må vere fribrytar for å få henne opp, fortel Harald Ekroll til Fjordingen.

I møte den 27.11.13 i rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne vart det vedtatt:

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne i Stryn, krev at det vert gjort tiltak for å få på plass ytterdører som opnar seg automatisk anten med knapp, snor eller sensor, til legekontora i Stryn og i Innvik Rådet er på ny kontakta av eldre og funksjonshemma som har store vanskar med å handtere dørene som er tunge å opne.

Vil ha midlar til prosjektering av kjøkken

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne ber om at det vert sett av midlar til prosjektering for utbetring av kjøkkenet ved Vikane omsorgssenter.

Du kan lese meir om dette i Fjordingen fredag 29.november 2013, side 10 og 11 eller i tidlegare nyheitskriv Kjøkken utgått på dato, her på Vikanenett.

Nye tiltak for vurdering

Helse og sosialsjef Berit Wetlesen kunne forøvrig opplyse at det i framlegget til 2014-budsjett er lagt inn kjøp av ny oppvaskmaskin på Vikane omsorgssenter.

Dette tiltaket er nr.2 i Nye tiltak for vurdering i budsjett og økonomiplan 2014-2017- helse- og sosial etter tele- og videoutstyr som ligg på plass nr.1. Her inngår Videoklient for legane i Stryn for t.d. å kommunisere med lege i Førde og videokonferanseutstyr ved Vikane omsorgssenter til tilsvarande bruk.


(Sist oppdatert 02.desember 2013, 13:52)

Gå til nyhendearkiv