Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_6d83_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Tekstilkunst i fokus i Innvik

Historier om jacquardveven

Av Fjordingen

I april og mai er det duka for kunstutstillinga SABOTasje ved Gamle Innvik Ullvarefabrikk.
- Arbeida viser ei fornya interesse for jacquardveven, med potensiale til å bidra til refleksjon om den teknologiske utviklinga, seier initiativtakarane bak utstillinga.

Innvik er ein naturleg stad for ei slik utstilling, då alle kunstnarane i løpet av si karriere har vore i kontakt med Innvik Sellgren, ein viktig fagressurs for studentar frå høgskulemiljøet i Bergen.

Utstillinga, som opnar 17. april, omfattar kunstnarane Hilde Hauan Johnsen, Karina Siegmund, Kiyoshi Yamamoto, Kristina Daukintyte Aas, Ingeborg Annie Lindahl, Jon Pettersen, Kari Dyrdal, Kari Merete Paulsen, Tore Barnung, Jeanett Goodwin og Elin Igland.

- Det er ikkje sjølvsagt å jobbe i ei produksjonsbedrift i Norge i dag. Ein skvett litt kvar gong ein høyrer om ei tekstilbedrift til som blir lagt ned her i landet, og dei som er igjen må finne nye måtar å tenkje på. Men dei som "klorar seg fast" er mykje meir enn berre produksjonsbedrifter, seier Kristina Daukintye Aas, ei av dei som skal stille ut i den gamle ullvarefabrikken i Innvik.

Les heile saka i Fjordingen mandag 17. mars 2014, side 8 og 9.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg på nettstaden buyandread.com.


.
Kunstnarar utanfor Gamle Innvik Ullvarefabrikk: Kristina D. Aas, Kiyoshi Yamamoto og Jeanett Goodwin




(Sist oppdatert 17.mars 2014, 13:15)

Gå til nyhendearkiv