Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_6d83_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

ENDELEG I GONG!

Storblåsarlaget tar tak i E39

Det har vore mykje krangel og bekymringar om kvar den nye E39-vegen skal plasserast. No er det så godt som bestemt og i tråd med lokal tradisjon har våre eigne krefter alt sett seg i sving med å framskunde prosjektet.

Leiaren i Innvik og Frøholm Storblåsarlag dirigerer trillebårene med heimelaga sement som skal på plass i fundamentet til brutårnet utanfor Lasen.

-No i starten konstruerar vi etter bilda av Hardangerbrua. Dette er svært omfattande greier så vi reknar med at det ikkje treng å være akkurat på millimeteren, slår han fast.



-Kva er bakgrunnen for at de har sett i gong dette arbeidet?

-Vi har lagt merke til at det har vore eit visst engasjement i denne saka lenger ute i fjorden i det siste. Her i kommunen har vi vore alt for slappe med å bidra, særleg med tanke på at det ikkje er så enkelt å være politikar og måtte bestemme alt i full fart. No er vi vel ikkje så heilt sikre på om vi vil ha denne vegen her, men når det først skal lagast tunnell gjennom Utvikfjellet så må vi no ha ei bru omtrent her uansett. Det er vel ingen som i fullt alvor vil ta sjansen på å sende 6-10000 bilar pr dag på den eksisterande fylkesvegen gjennom hordar av gamle cruiseturistar ved cruiseterminalen og Sleipner Hoven-gondolane?

-Det blir godt å sleppe rundkøyringa inn med meieriet også, eg har aldri blitt heilt fortruleg med korleis ein skal blinke der!
Ropar Oddvar gjennom skramlinga frå sementelta og slær hol på ein ny, klumpete sementsekk.

Peder, budsjett- og referatansvarleg og med oversikt over konstruksjonsdetaljer, bryt inn:

-Det er også slik at viss vi sørger for at betong-konstruksjonane her får ei levetid som er på maks 40 år så blir prosjektet enno meir lønnsomt. Viss du ser på karane som blander sementen så er det slett ikkje umuleg at vi kan klare å oppnå dette målet. Dessutan hadde vi berre noko gammal sement liggande, så viss nokon har litt skrapmetall som vi kan bruke som armering så kan det leverast ved juletre-ekspedisjonen. Det blir sikkert syrske viss karane må bære med seg store mengder med sparestein når vi kjem litt opp i høgda med arbeidet her.



-Korleis er framdriftsplanen i prosjektet?

-Vi reknar med å ha god tid, seier leiaren. –i alle fall 10-15 år. Men vi reknar med at dei kviknar til borte i Svarstadvika og etter kvart og set i gong med tårnet sitt der borte, så då er det no berre halve arbeidet. For det er berre tårnet vi har tenkt å setje opp. Når det lid på er sikkert ingeniørane ferdige ved Agjeldsnausta og i Ugla, så då kan dei få spekulere litt på korleis sjølve bruspennet kan lagast utan å flytte alt for mykje masse fram og tilbake.

-Desse karane er ikkje særleg høgdesterke, slår Peder fast med ei lett hovudrysting, -så eg reknar med at vi uansett må gje oss i god tid før vi kjem opp på 240 meter. I verste fall får vi late hengebrua henge nedpå litt på midten. Når Lefdalen flytter cruisekaia til Eid så er det i alle fall ikkje noko stort poeng å henge den så veldig høgt. Tømmerskutene går no berre inn til Faleide uansett…


-Er det lokale kapitalkrefter som står bak initiativet for å sikre at E39-traseen blir plassert i Stryn?

-Det er vel å ta litt hardt i å kalle NAV lokalt. Det er Storblåsarlaget som styrer med dette og vi satsar på at vi skal klare å dra det i land. Vi skal ha dugnad kvar måndag etter non og reknar med å halde kostnadane på eit minimum. Skulle det butte i mot med økonomien får vi høyre om Bygdekvinnelaget kan dra ein basar eller noko, dei har god styring på slikt.

-Elles så skulle det berre mangle om vi ikkje skulle trå til litt. I Gloppen er dei klare til å ofre både flyplass og kommune og meir til for å sleppe å køyre ferje. Her inne har vi jo ikkje ferje ein gong, så då skulle eg tru at det er rimeleg å forvente at vi er villege til å ofre enno meir. Solvik-Olsen har nok sansen for at vi viser litt privat initiativ og støyper bru i staden for å slenge langs vegane når han er ute på synfaring!
Slår leiaren fast med eit lurt smil.



Leiaren samlar sparestein under pausane i intervjuet…


(Sist oppdatert 01.april 2014, 00:00)

Gå til nyhendearkiv