Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_6d83_17.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Misjonsgudsteneste i Innvik kyrkje

Misjonsgudsteneste i Innvik kyrkje søndag 6. april 2014

Av Harald Røyrvik

Søndag 6. april var det misjonsgudsteneste i Innvik kyrkje der konfirmantar og 4. klassingar framførte eit rollespel, samt ein song.
Det var også utdeling av 6.årsbok.

Innvik og Utvik sokneråd hadde i forkant invitert 4. klassingane til samling ved Vikane skule ein time etter skuletid den 2. april. Der fekk ungane informasjon om misjon og øvde inn rollespel og sang, saman med nokre konfirmantar.

Marte og Ole Anton var konfirmantane som saman med 4. klassingane framførte eit flott rollespel i kyrkja.
Dei yngste fekk også delta som seg sjølve under rollespelet. Her fekk Ole Anton framført dei kjende orda "Lat småborna kome til meg og hindre dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til".

Sju frammøtte seksåringar fekk også 6.årsbok av prest Harald Runde under gudstenesta.

Preika hadde fokus rundt misjon og det vart også informert om misjonær Gabrielle Frøholm frå Innvik som reiste til Madagaskar. Ungane fekk også anledning til å sette roser på grava til Gabrielle etter gudstenesta.

Heilt til slutt var det kyrkjekaffi med saft, sjokeladekake og muffins.










(Sist oppdatert 10.april 2014, 12:36)

Gå til nyhendearkiv