Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Toalett Vagstadbygget

Offentlige toalett i Vagstadbygget

Av Harald Røyrvik

Innvik Bygdeutvikling og Vagstad AS går saman for å få ei standardheving av toaletta i Vagstadbygget.

Innvik Bygdeutvikling (IBU) sendte eit brev (12/5) til Vagstad AS med forslag om at ein i samarbeid kan få ei standardheving av toaletta i Vagstadbygget. I brevet skriv Innvik Bygdeutvikling at dei ønskjer å male veggane lysare og montere inn betre belysning, mot at Vagstad vil reingjere toaletta oftare og ta i bruk kvitteringsliste for utført reingjering.
På Årsmøtet til Vagstad den 19/5 vedtok Vagstad å gå inn i samarbeid med Innvik Bygdeutvikling for å få ei standardheving på toaletta.
I denne samanheng søker Vagstad etter arbeidshjelp som vil hjelpe til med å halde toaletta ved butikken representative gjennom sommaren. Vedkommande som får jobben med å halde toaletta representative, kan også kome med innspel til IBU om korleis vedkommande ønskjer at toaletta skal sjå ut før dei tar til i jobben.

Vagstad annonse etter arbeidshjelp

Brev frå Innvik Bygdeutvikling


(Sist oppdatert 25.mai 2009, 22:32)

Gå til nyhendearkiv