Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Jonsokfeiring Innvik 2009

Svært vellukka Jonsokfeiring i Innvik

Av Harald Røyrvik

Viking Camping og Innvik Bygdeutvikling med gode hjelparar arrangerte ei svært vellukka Jonsokfeiring.

Det kom mellom 70 og 80 personar til Jonsokfeiringa som Viking Camping og Innvik Bygdeutvikling med gode hjelparar arrangerte på campingen. Tradisjonen tru var det brudefølge med hest og kjerre frå skulen oppom Omsorgsenteret, før dei kom til campingen. Der var det mulig å få seg nydelig rømmegraut med spekemat og flatbrød. Innvik Bygdeutvikling selde lodd med flotte gavekort i premie. Bygdeutviklinga hadde også laga til natursti som enkelte satte stor pris på. Fleire samla seg nede ved bålet og koste seg i bålvarmen.

Innvik Bygdeutvikling vil takke Alexandra Hotel, Innvik Fjordhotel, Café Sandra, Skogstad, Nordfjordekspressen og Viking Camping for gavekorta som vart lodda ut.

Vikanenett ønskjer bilder frå dette eller andre Jonsok-arrangement. Send bildene til Harald Røyrvik..
Arnt Bøe har sendt denne PowerPoint-fila til Vikanenett:

Jonsokfeiring Innvik 2009 © Arnt Bøe

(Sist oppdatert 23.juni 2009, 22:44)

Gå til nyhendearkiv