Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

”UT PÅ TUR – i Li og fjell!”

”UT PÅ TUR – i Li og fjell!”

Av Kari Synnøve Muri

Nokre søndagar også denne sommaren vil Liatunet i Innvik ha open ”tur-kafe” - ein møteplass der turgåarar kan stikke innom før, under eller etter ein fottur. Inne i hovudhuset blir det sal av kaffi, saft og sveler, ein kan slå av ein prat med andre turgåarar og få god turinformasjon frå lokalkjende.

Liatunet i Innvik ligg midt i eit eldorado av turstiar og –vegar. Det er laga eit lite hefte med omtale og kart over eindel av desse turane. Her er turar på alle nivå: ein kort rusletur til Liakvernhuset , tur til ein eller fleire av støylane i Innvik/Utvik, kulturhistorisk bygdevandring, eller toppturar til Middagsfjellet, Blåfjell og Storelogpiken. Her er og forslag om sykkelturar, t.d. skogsvegen mellom Innvik og Utvik.
Felles for turane er at dei har start/stopp i Liatunet, eller går via Liatunet.

Dette er eit tilbod for alle! Både barn og vaksne, nybegynnerar og røynde turgåarar vil finne høvelege utfordringar for sitt nivå. Om ein vel å gå i terrenget (utanfor bygdevegar og skogsbilvegar) er det anbefalt å bruke støvlar eller fjellsko.

Det er førebels sett opp tre søndagar med tur-kafe denne sommaren, kvar gong blir det organisert ein felles-tur med guide. Vi startar førstkomande søndag 12. juli, med Inger Fure frå Nasjonalparksenteret som turleiar for ei botanisk vandring i og omkring Liatunet. Her kan ein få nærare kjennskap til eit frodig planteliv med rikt utval av både pryd- og nyttevekstar.

Tur-kafeen i Li er eit samarbeid mellom frivillege organisasjonar i Innvik, Frivillegsentralen, folkehelsearbeidet og flyktningetenesta i Stryn kommune. Kafeen.vil vere open også søndag 23. august og søndag 30. august.


Ver velkomne i Li og på tur!

Plakat2009
(Sist oppdatert 30.juni 2009, 23:15)

Gå til nyhendearkiv