Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Torevær måndag (29/6)

Trafo brann opp

Av Fjordingen

Toreveret måndag kveld førte til at ein av Stryn Energi sine trafoar i Innvik brann opp. Innvik kraftverk tapte ca 40.000 kroner på grunn av straumbrot.

Dette kan du lese meir om på www.fjordingen.no.



Av Harald Røyrvik

Måndag kveld i halv ti tida var det mykje lyn- og tordenaktivitet i og rundt Innvik. Dette førte til at straumnettet vart berørt og Innvik Kraft datt ut. Straumen kom igjen og datt ut fleire gonger før det vart svart i heile Innvik. Etter ei tid fekk mesteparten av Innvik straumen tilbake.

Underteikna ringte til vakthavande i Stryn Energi litt over midnatt, da delar av Hildastranda fortsatt var straumlaus. Vakthavande gav da informasjon om at personell frå Stryn Energi var på veg frå Oldedalen mot Innvik for å sjekke.

Tysdag morgon vakna fleire bebuarar i Hildastranda opp og straumen var fortsatt vekke. Da eg tok kontakt med Stryn Energi fortalde dei at trafoen var gåen og måtte bytast. Det vart også opplyst at ein måtte ha gravemaskin for å kome fram til mastearrangementet.

Klokka halv to hadde Tore Drageset henta ned trafoen som Stryn Energi hadde kopla frå og dei var klare for å transportere opp den nye trafoen til mastearrangementet.

Klokka halv fem tysdag ettermiddag fekk husstandane og Viking Camping straumen tilbake.

Underteikna vil kreve å få direkte utbetalt kr.600,- frå Stryn Energi, iht. forskrift, og oppfordrar alle andre berørte til også å kreve det samme. Sjå meir informasjon på www.lovdata.no

Kravskjema for kompensasjon finn ein på www.stryn-energi.no, under Krafttilbod - Nettleige. Der er eit skjema som heiter Straumbrot.

Mastearrangement © Harald RøyrvikGravemaskin © Harald RøyrvikGammal og ny trafo © Harald Røyrvik












Mastearrangementet uten trafo - Tore Drageset med gamletrafoen - Nyetrafoen på lastebilen


(Sist oppdatert 01.juli 2009, 14:15)

Gå til nyhendearkiv