Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Dansk designar i Innvik

Dansk designar i Innvik

Av Fjordingen

Danske Ulla Faartoft tok kunnskapane frå eit femårig masterstudium i tekstildesign med seg frå Designskulen i Kolding i Danmark til Innvik Sellgren.
Der stortrivst ho.

- Det er veldig bra for meg å kome rett frå utdanning til Innvik. Dette gjev nye kunnskapar om sjølve maskinane, produksjon og dei ulike profesjonane, frå vevarar til seljarar, som er til stor nytte i den kreative delen av faget, seier Ulla.

Ulla Faartoft fortel at ho frå første stund møtte stor velvilje frå dagleg leiar Arve Haugen og verksemda i Innvik. I september fekk ho fast jobb i Innvik Sellgren og busette seg på Heggdal.
- Der stortrivst vi både eg og sambuaren min, Peter Haslund, fortel Ulla og avslører at dei på kort tid er blitt glade i Nordfjord-naturen.


Dette og enda meir står å lesa i Fjordingen onsdag 1.juli.


(Sist oppdatert 10.juli 2009, 21:54)

Gå til nyhendearkiv