Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik-jenta på scena under Malakoff

- Stort å spele for "Heartmaker"

Av Fjordingen

På laurdag står Innvik-jenta Anne Marte Nesdal (24) på scena under Malakoff Rockfestival med bandet Eva & The Heartmaker.

Sjølv om Nesdal har gjennomført 20 konsertar forskjellige stader frå Norge til Finland sidan bandet slapp skiva si i mai, seier ho det blir ei heilt spesiell oppleving å spele på Nordfjordeid.

Nesdal starta som kordame i bandet, men har etter kvart fått fleire oppgåver. No spelar ho i tillegg trompet og fleire forskjellige rytmeinstrument.

Dette og mykje meir kan du lese i intervjuet med Anne Marte Nesdal i Fjordingen onsdag 22. juli.


(Sist oppdatert 22.juli 2009, 16:59)

Gå til nyhendearkiv