Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Feiring av ny julegate i Innvik

Av Geir-Ståle Vatnamo (/ Fjordingen)

Julegata i Innvik vart eit fint løft for bygda i 2008. I år vart julegata utvida med 12 nye lysande julestjerner.

Desse er sponsa av næringslivet og privatpersonar i bygda. Julegatekomiteen, Inger Hoff og
Anton Skogstad, ønskjer å takke alle som har vore med å bidra til dette prosjektet.

Første søndag i advent, ein vakker kveld med fullmåne, var det tenning av julegran ved skulen, slik det
alltid bruker å vere den søndagen. Her var det gang rundt juletreet og nissebesøk til borna. Skule-
musikken spelte og 8. klasse serverte gløgg.

Etterpå gjekk store og små i fakkeltog til hotellet, der kvelden vart avslutta med brus, kaffi og julebrød.

Les heile teksten og sjå fotografiet, som Geir-Ståle Vatnamo har fått inn i Fjordingen fredag 11/12-09.


(Sist oppdatert 11.desember 2009, 18:45)

Gå til nyhendearkiv