Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Lovande framtid for frukt og bær

Nordfjord-frukt på flaske

Av Fjordingen

- Det er eit eventyr som har skjedd etter at fruktdyrkarane fekk kjøpe tiIbake Innvik Fruktlager frå Gartnerhallen i 1998, seier styreleiar Olav Ø. Skåden.

Siste tiåret har bringebærproduksjonen i Nordfjord auka frå 50 til 400 tonn, og det er plass til nye areal og fleire produsentar. Også plommeproduksjonen har skote fart. Det er plass for mykje meir.

Lokal eigarskap av Innvik Fruktlager siste tiåret, har vore med på å skape eit bær- og frukteventyr med store framtidsmuligheiter i Nordfjord. Stadig meir går til konsum, men styringsgruppa for frukt- og bær er på leit etter nisjer som til dømes fruktsnaps av plommer og eplejuice. Begge deler vart vist for tilhøyrande då Agro Business Park på Sandane oppsumerte treårsprosjektet for attåtnæringar i landbruket måndag.

Les meir om dette på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen onsdag 27. januar 2010.
Fjordingen vert også seld i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.


(Sist oppdatert 27.januar 2010, 21:21)

Gå til nyhendearkiv