Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Nyvinning i Skitrekkbransjen

Av Steinar Frøholm

Ettersom kapasiteten på det første trekket på Larsbøen var i ferd å bli sprengt, har nokre meir en normalt kreative sjeler vore i sving både tidleg og seint..

Det har vore dreia, sveisa, banka og grubla på ein verkstad i fleire dagar og eit ukjent antal timar.
På søndag kom resultatet på plass i Årevegen for prøvekøyring.
Ikkje overraskande fungerte det nye skitrekket heilt prima, etter nokre små justeringar.
Nyetrekket er meir en dobbelt så raskt og har langt større trekkraft.

Litt tekniske spesifikasjonar:
Motor: 250kubikk militær pumpemotor
Gearkasse: 4-trinns toyota Hi-ace
Drivverk: noko komplisert å forklare..
Trinsesystem: dreia av gamle vektmanualar frå Jostein L..

På slutten av dagen vart det litt problem med datostemplinga på trekktauet, men krefter er i sving for å skaffe nytt..

Konstruktørar, byggherrar, spesialistar, eldsjeler og spesialleverandørar:
Bjørn Kjetil Hilde
Per Øyvind Bergh
Jørn Hilde
Anders Dragesæt

Ei STOR takk til dei, frå alle små og store i ski og akemiljøet!
Takk og til Lars Åge og Steinar, som stadig held scootertransporten i sving!


Bilde 1: Det nye skitrekket.
Det nye skitrekket. © Steinar Frøholm












Bilde 2: teknisk trollmann og spesialleverandør overvåkar trekkmodulen.
teknisk trollmann og spesialleverandør overvåkar trekkmodulen. © Steinar Frøholm © Steinar Frøholm
Bilde 4: nærstudie av trinsesystemet.
nærstudie av trinsesystemet. © Steinar Frøholm © Steinar Frøholm
Bilde 6: mykje moro for små...og store.                         Bilde 7: aktiviteten har vore stor på Larsbøen i vinter.

mykje moro for små...og store. © Steinar Frøholmaktiviteten har vore stor på Larsbøen i vinter. © Steinar Frøholm














(Sist oppdatert 09.februar 2010, 01:02)

Gå til nyhendearkiv