Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Ledige stillingar i skular og barnehagar

Av Stryn kommune

Stilling ledig (aktuelt også i Innvik/Utvik):

- Lærarstillingar frå 01.08.2010.
- Stillingar som pedagogiske leiarar og førskulelærarar

1. Lærarstillingar frå 01.08.2010.

Med atterhald om vedtak om permisjonar, oppseiingar og overføringar, kan det bli ledige frå 15 - 20 stillingar for lærarar ved skulane i Stryn. I søknaden må det difor gjevast opp kvar skular som kan vere aktuelle arbeidsstadar, gjerne i prioritert rekkefølgje.

Tilsetjingstilhøve: Faste stillingar eller vikariat.

Aktuelle skular vil kunne vere: (Namn skule, årstrinn/elevtal)
Nordsida skule (1-7/37), Tonning skule (1-7/314), Loen skule (1-7/64), Olden skule (1-10/186), Storesunde skule (1-7/34), Stryn ungdomsskule (8-10/191), Innvik skule (1-7/73), Oldedalen skule (1-7/14), Oppstryn skule (1-7/30)

3. Stillingar som pedagogiske leiarar og førskulelærarar

Det vil kunne bli ledig rundt 10 stillingar ved barnehagane i Stryn frå 01.08.2010.

Aktuelle barnehagar vil vere:
Vikalida barnehage og Tonning barnehage (Stryn sentrum), Olden barnehage, Innvik barnehage, Utvik barnehage, Nordsida barnehage, Oppstryn barnehage.

Andre barnehagar der det kan bli ledige stillingar pga flyttingar/overføringar.

Heile saka finn du på www.stryn.kommune.no

Søknadsfrist: 19.03.10


(Sist oppdatert 19.februar 2010, 23:48)

Gå til nyhendearkiv