Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Skidag på Larsbønen

Av Marianne Drageset

Bilde 8630 © Arnt BøeDet var godt oppmøte på dagens karusellrenn på Larsbønen, fint kaldt vær men til tider litt kald vind.



I langrenns- karusellen starta det 63 personer med stort og smått, yngste deltakar var 2 år og eldste deltakar 65+ Dei vart alle heia i mål av Astrid. Sparebanken Sogn og Fjordane sponsa oss med to gevinstar som vi trakk ut på startnr. Vinnarane var Madeleine Reme og Harald Røyrvik, gratulerer.

I slalom-karusellen var det 29 deltakara. Her er det mange framtidige OL håp :-)

”Tautrekketsvenner” hadde salg av vaffler, pølser, kaffi, saft og kakao. Dei hadde ei inntekt på ca 2000,- Tusen takk til NK som sponsa med pølser. Takk og til alle som møtte og til dei som var med og hjalp til, det vart ein kjempefin søndag på larsbønen.


Av Larsstrikjen d.a.y

Det er laga eit fint langrens-løypenett, med utgangspunkt frå veien opp på Larstunet, og mål på Larsbønen. Det er laga 5 løypevalg, ( alle med dobbeltspor) på Hilde: kortaste er 100 m vidare 250 m, 500 m, 1 km. og 2 km. Vi har ikkje målt opp lengda, men bestemt at dei er so lange………..

No er det heilt fantastiske forhold for skileik her i vinterferieveka, so bare kos dokke på bønen, det kan kansje bli lenge til vi får slike stabile forhold igjen. Denne vinteren er det i alle fall ein heil generasjon Innvikarar som er blitt nokre resarar på ski.


Foto Larsstrikjen d.a.y

02.2010 223 © Steinar Hilde02.2010 224 © Steinar Hilde
02.2010 225 © Steinar Hilde02.2010 226 © Steinar Hilde
02.2010 227 © Steinar Hilde02.2010 231 © Steinar Hilde
02.2010 232 © Steinar Hilde02.2010 234 © Steinar Hilde
02.2010 235 © Steinar Hilde02.2010 237 © Steinar Hilde
02.2010 238 © Steinar Hilde02.2010 240 © Steinar Hilde


Foto Arnt Bøe

Bilde 8615 © Arnt BøeBilde 8620 © Arnt Bøe
Bilde 8625 © Arnt BøeBilde 8628 © Arnt Bøe
Bilde 8630 © Arnt Bøe

(Sist oppdatert 23.februar 2010, 22:55)

Gå til nyhendearkiv