Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Loppemarked

Loppemarked på Utkantmarknaden

Av Gunn-B. Skåden

9. Klasse ved Olden barne-og ungdomsskule, elevane frå Utvik
og Innvik, skal ha loppemarked på Utkantmarknaden i Styrkhallen.

Inntektene frå salget av loppene går til Polentur.

Vi håpar på at så mange som mogeleg har "lopper" å levere. Vi
ynskjer å motta pynte- og bruksting, mindre møblar. Alt er av
interesse, men ikkje klær og sko, då dette er vanskelig å få selge.

Det som vert levert må vere reint og heilt. Vi tek imot lopper
fredagen før Utkantmarknaden. Tidspunkt må vi få annonsere
seinare. Dersom nokon har lopper som må hentast kan dei ta
kontakt med: Gunn-B. Skåden mob.nr 99156479.


(Sist oppdatert 30.september 2010, 10:09)

Gå til nyhendearkiv