Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Avvikling av legekontor og helsestasjon

Avvikling av legekontor og helsestasjon

Av Harald Røyrvik

I samband med rekruttering av ny fastlege i Vikane vert all legeteneste i kommunen samla ved Stryn helsesenter.

Legekontor og helsestasjon ved Olden helsetun vert avvikla medan det vert utekontor i Innvik med inntil
2 kurative dagar pr. veke i tillegg til tilsyn ved Vikane omsorgssenter.

Leigeavtalen med Olden Helsetun vert å seie opp innan 1.juli 2011.


Dette er rådmannen sitt framlegg til vedtak i saka Avvikling av legekontor og helsestasjon i Olden,
som Helse- og sosialutvalet skal ha møte om den 22. mars.

Les heile sakshandsaminga til Berit Wetlesen på www.stryn.kommune.no.


Utsnitt av saka:

I samband med nyrekruttering etter fastlegen i Vikane som går av med pensjon frå 02.07.d.å., vert det lagt fram sak om avvikling av legekontor og helsestasjon i Olden.

Harald Hoff går av med pensjon etter å ha vore lege i Stryn i 39 år. Han har fast kontorplass ved Vikane omsorgssenter med 2 kurative dagar i tillegg til 2 utekontordagar i Olden. I tillegg er han tilsynslege ved Vikane omsorgssenter og er lege for helsestasjon og skulehelsetenesta i Vikaneområdet.

Folketalet i Innvik/Utvik er 916 personar (13 %), medan folketalet i Olden/Oldedalen utgjer 1 005 (14 %). Legen i Vikane/Olden har 1 100 passientar (16 % av listepasientane i kommunen). I tillegg kjem kommunale oppgåver som tilsvarar ein 34 % stilling.
Dette representerar oppgåver godt over norm, det er difor trong for å justere ned listelengda og/eller omfordele noko av dei kommunale oppgåvene.

Det er heilt utenkjeleg å rekruttere lege som vil arbeide så isolert som Hoff har gjort. Erfaringa tilseier dessutan at rekrutteringsgrunnlaget er unge, ferske legar som ofte kjem frå utlandet.


Mine tankar rundt saka:

Etter å ha lest dokumentet får eg ein sterk følelse av at sakshandsamaren ønskjer å avvikle legekontora både i Olden og i Innvik, på sikt.

Ut frå folketalet og dei kommunale oppgåvene kunne Vikane/Olden hatt to legestillingar.

Saka gjeld ikkje berre ein lege og ein arbeidsplass for Vikane/Olden, men faktisk to. For saman med legen i Vikane/Olden har det også vore ein legesekretær.

Eg kjenner ikkje historia i detaljar, men er veldig glad for at vi har Vikane Tannlegekontor. Her har vi faktisk to flotte kvinnelege arbeidsplassar, om ein kan seie noko slikt i vår likestillingstid.

Eg trur at klarar ein å rekrutere tannlege med sekretær til Vikane, så må det gå an å rekrutere lege og lege-sekretær til Vikane/Olden også!


Tilrår nedlegging av legekontor og helsestasjon i Olden

Av Fjordingen

Til morgondagens møte i helse- og sosialutvalet ligg det føre tilråding om å avvikle legekontor og helsestasjon ved Olden Helsetun.

Utekontoret i Innvik vil etter innstillinga bli oppretthalde to dagar i veka.

Les heile saka i Fjordingen mandag 21. mars 2011, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



Les også kva Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne skriv til kommunen om sak
i nyheitskrivet Legekontor og helsestasjon i Olden, her på Vikanenett.



(Sist oppdatert 24.mars 2011, 19:04)

Gå til nyhendearkiv