Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vikane-kalendar

Vikane-kalendaren er å få kjøpt på Utkantmarknad

Av Harald Røyrvik

Nytt av året har Innvik Bygdeutvikling sett seg føre å selge ein 2012-kalendar på Utkantmarknaden.

Idéen om salg av neste års kalendar kom frå Bente Osnes den 23. juni i år, på facebook.com/Vikanenett.

Saka vart lufta internt blant nokre av dei mest aktive fotografane og har seinare vorte avklart i styret for bygdeutviklinga og Vikanenett.

For ikkje så lenge sidan vart det sett ned ein hurtigarbeidande komité for å kome fram til bilda vi skulle bruke sidan det var mange å velge blant, og ein ønskte motiv som passa til månaden. Komitéen har bestått av Lind Paulen, Bjørg Kvame, Kjell Mortveit og underteikna.
Sjølv med så få personar er det ikkje enkelt å kome til einigheit, men vi enda ned på 12 flotte bilder til slutt.

Kalendaren er no klar for salg på Utkantmarknaden og ein får kjøpt den på standen til Innvik Bygdeutvikling. Inntekta går til Vikanenett (Innvik Bygdeutvikling og Utvik Vel og Utviklingslag).




(Sist oppdatert 14.november 2011, 18:28)

Gå til nyhendearkiv