Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Trafikken gjennom Innvik

Av Lars Aage Hilde

Vi må sørge for at Stryn kommune gjer ein større innsats inn mot Vegvesenet for å sikre ei tryggare trafikkavvikling gjennom Innvik. Samanhengande gang-og sykkelveg frå Hildastranda II til Hamnen er ei hastesak og eit heilt naturleg krav. Likeeins skikkelege fotgjengarovergongar og busshaldeplassar.

Biltrafikken gjennom Innvik kjem til å auke mykje dei næraste åra. Uavhengig av kva som skjer med E39 vil ein stadig større del av trafikken som skal nord-sør på Vestlandet gå gjennom bygda vår.

Ein ting er at Kvivsvegen vil gje ei trafikkauke til heile regionen. Med ein stadig betre Olden-Innvik vil det bli meir og meir fristande å velge Utvikfjellet framfor Lote-Anda. Hvis E39 blir lagt slik at det blir tunnell gjennom Utvikfjellet vil dette medføre yttarlegare trafikk, og denne vil måtte gå gjennom Innvik sentrum i fleire år framover uansett trasevalg vidare..

Det er utrygt nok å ferdast langs fylkesvegen som mjuk trafikant med den trafikken vi har i dag. Andre stader med tilsvarande sentrumsutforming og gjennomgangstrafikk har som regel gang- og sykkelstiar, fartsdumpar og/eller andre fartsdempande tiltak. I Innvik har vi ingen slike ting. Vi har ei kjempelang 50- og 60-sone der det aldri er kontrollar, eit par mangelfullt skilta fotgjengarovergongar og fleire direkte trafikkfarlege buss-stopp.

At det ikkje skjer fleire og meir alvorlege ulykker i Vagstad-krysset er eit under. Eg har vore nære på sjølv eit par gongar. Når skulebussen står midt i krysset og trafikken både av ungar og bilar er på det største i halv tre-tida – då er der rett å slett ikkje nokon trygg måte å kome seg inn på hovudvegen. Vi som brukar litt tid på Go’beten ser nesten-ulykker omtrent kvar einaste dag.

“Storebrua” er også eit farleg punkt for mjuke trafikantar.

Olden-Innvik blir nok løyst no ved at Ugla-Skarstein uansett vil tvinge seg fram. Vi må passe på at Innvik sentrum blir ein del av Olden-Innvik prosjektet. Innvik Bygdeutvikling har m.a. teke opp spørsmålet om omregulering av gamle Småbåthamna, fordi området mellom Vagstad og Fruktlageret vil bli ein viktig nøkkel for å kunne få ei tenleg trafikkavvikling i Vagstad-krysset. Vi har invitert kommunen og vegvesenet til ein dialog om om mulege løysingar og vil følge opp dette.

Stryn kommune må sørge for å ha oppdaterte planar slik at vi ikkje blir ei propp i systemet den dagen bevilgningane kjem.


(Sist oppdatert 18.november 2011, 18:14)

Gå til nyhendearkiv