Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Heimlund

Kva skal skje med Heimlund?

Kva skal skje med Heimlund?

Folkemøte om Heimlund tysdag 17. januar kl 20.00 i Heimlund.


I 2012 er Heimlund 100 år. Vi har ein verdig jubilant med mykje god historie mellom veggane. Mykje har skjedd og mange minner er skapt i huset vårt. Bygdekveldar med underhaldning og dans, bryllaup, 17.mai festar, basarar for skulemusikk og sokneråd, haustfestar i 4H, konsertar, juletrefest, skodespel/revy, kakelotteri, ungdomsklubb, og slik kan vi fortsette. Hugsar du Kardemommeby/Futedrapet eller Vazelina Bilopphøggers? Mange talent har stått på scena i Heimlund, og kanskje nokre med mykje mot og mindre talent! Utan tvil har alle i bygda eit forhold til Heimlund.

Huset treng deg og ditt engasjement. Jostein husfar ynskjer avlastning etter mange år med innsats for huset vårt. Heimlund treng ei aktiv gruppe som engasjerer seg vidare for framtida.Alle som tykkjer om huset vårt bør møte opp. Kan du ikkje hjelpe til med arbeid eller vere aktiv i styret så kanskje du har eit bidrag til kassa? Håper det kan verte eit løft for jubilanten slik at vi kan feire 100 år med tett tak og kanskje eit ansiktsløft.

Heimlund’s venner


Les også tidlegare nyheitskriv Fokus på Heimlund, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 10.januar 2012, 20:26)

Gå til nyhendearkiv