Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Norgesmeister i Hesteskogolf

Kurt Jonny Årdal er igjen Norgesmeister

Av Harald Røyrvik

Kurt Jonny Årdal vart norgesmeister i Hesteskogolf den 17. juni 2012.

Som namnet antyder er det ikkje heilt ulikt vanleg golf. I denne disiplinen kastar ein hestesko på ein pinne på minst 36 forskjellege baner i krevjande terreng. Den som nyttar færrast kast kan kalle seg norgesmeister.
Noko Kurt Jonny Årdal no kan, etter å ha vunne over tretti andre kastarar.

Arrangementet var eit av fleire NM innan hesteskokasting, som vart gjennomført på Ål i Hallingdal frå 15. til 17. juni.

Frå vikane stilte Kurt Jonny Årdal, Asbjørn Heggdal, Alv Sunde, Olav Årdal.
I lagkonkurransen fekk dei 6.plass.

Sjå komplette resultatlister frå NM eller andre hestesko-arrangement på www.hesteskokasting.no.

Les også nyheita frå 2010 da Kurt Johnny Årdal vart Norgesmester i single,
her på Vikanenett.



(Sist oppdatert 22.juni 2012, 22:08)

Gå til nyhendearkiv