Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

- Reknar med å få ny lege til Innvik

Av Fjordingen

Hermanpreet Singh har sagt opp stillinga som kommunelege med kontorstad i Innvik og Stryn. - Eg reknar med at vi skal klare å få på plass ny lege som fyller denne legeheimelen, seier helse- og sosialsjef Berit Wetlesen til Fjordingen.

Doktor Singh som skal flytte til Austlandet, overtok legekontoret i Innvik etter at Harald Hoff gjekk over i pensjonistane sine rekkjer. Han har delt arbeidsveka med to dagar på legekontoret i Innvik, ein dag som tilsynslege på Vikan omsorgssenter og to kontordagar ved legesenteret i Stryn.

Helse- og sosialsjef Berit Wetlesen har tru på at dei skal få tak i ny lege som gjer det mogeleg å vidareføre kontoret i Innvik.

- Vi jobbar med saka. Slik det ser ut no, skal vi få til eit opplegg som tener Vikan. I påvente av at ny lege er på plass, kan det kanskje bli ei overgangsordning, opplyser Wetlesen.

Les heie saka i Fjordingen fredag 20. september 2013, side 4.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 21.september 2013, 09:09)

Gå til nyhendearkiv