Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Aktivitetshelg med hovudvekt på nålefilting

Innvik Fjordhotell - Aktivitetshelg med hovudvekt på nålefilting

Av amsv

Første helga i oktober blir det arrangert ei spennande helg på Innvik Fjordhotell. Temaet er nålefilting.

Dette er ein teknikk med “tørrtoving” av ull. Materialane er karda ull og ei spesiell nål med små mothakar på, i tillegg til eit skumgummiunderlag. Eli Johanne Berg er kursleiar. Ho er tekstilkunstnar, og busett på Blakset.

Nålefilting er ein kjekk, sosial og kreativ handverksteknikk å gjere saman med barn/barnebarn. Helga vil passe godt for alle aldrar frå 13 år og oppover.

No på hausten kan det vere kjekt å tenkje på julegåver eller ting til julemesser og liknande. Vi håpar at helga er av interesse.

Om du bur i nærleiken, og ikkje ønskjer å overnatte, er du velkomen til å melde deg på likevel. For nærare opplysningar og program, sjå arrangementet her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 22.september 2013, 12:34)

Gå til nyhendearkiv