Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kjøkken utgått på dato

- 40 år gamalt kjøkken må rustast opp

Av Fjordingen

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne ber Stryn kommune starte prosessen for å få rusta opp kjøkkenet på Vikane omsorgssenter.

- Det er veldig viktig at kommunen legg tilhøva til rette for at det også i framtida kan produserast god og heimelaga mat på omsorgssenteret i Innvik.
Eit samla råd står bak vedtaket som ber kommunen utarbeide forprosjekt, der alle tal og opplysningar kjem på bordet. Deretter må utbygginga av kjøkkenet takast inn i økonomiplanen, understrekar rådsleiar Harald Ekroll til Fjordingen.

Kjøkkensjef Egil Westvik viser til at det vil by på store fordelar å samle matproduksjonen på ein etasje.

Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i Fjordingen onsdag 9. oktober 2013, side 4 og 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 16.oktober 2013, 09:56)

Gå til nyhendearkiv