Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Soknerådsbasar i Heimlund

Soknerådsbasar i Heimlund

Av Ragnhild Johanne Vambeset

Søndag 20. oktober kl.15 er det basar i Heimlund. Soknerådet i Innvik treng pengar.

Kva bruker soknerådet pengar til? Mangt, men her vil eg minne om at soknerådet har, i lag med foreldre og fadrar, ansvar for trusopplæringa til dei døypte. Soknerådet si rolle er å skipe til samlingar og å dele ut materiell som foreldra kan bruke heime. Ideelt sett skal det vere tiltak for alle årstrinn, men det har vi ikkje klart å få til enno. No deler vi ut materiell ved dåpen og til 1-2-3-4-6 og 10-åringane .Vi skipar til samlingar for 4-6 og 10-åringane. Samlingane er i samarbeid med Utvik sokneråd. Det er også arrangementa Lys vaken(10-11åringar) og Tårnagent (8-9åringar). Konfirmantane har si undervisning, og soknerådet er med på å lønne kateketen.

Kom på basaren og støtt opp om arbeidet i kyrkjelyden!

Vi er takknemlege for gevistar.

Sjå også plakaten i kallendaren her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 16.oktober 2013, 10:45)

Gå til nyhendearkiv