Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

MARKNADSHELG

Marknadshelg i Innvik

Av Lars Åge Hilde

Då er det haust igjen. Like sikkert som lauvfall, saltbilar og Utkantmarknad er det at hauststormane kjem. Eg var litt skuffa over min eigen storm, «Hilde», som berre kom opp i 50 m/sek, medan «Dagmar» klarte over 65 m/sek i over 5 minutt i strekk.
Heldigvis er Hilde-skiltet ved Vagstad fjerna for lengst, så vi hildarane lettare kan skjule oss til hetsen går over.

Det er Utkantmarknad. Alle i Innvik bør føle ein viss forpliktelse til å kome seg ut av heimen denne helga. Mange klagar over at lite eller ingenting skjer i bygda, men kvar er de når bygda har eit tilbod? Sjekk om du kan gjere unna heile julegåvehandelen på messa! Tenk kor fint det ville bli å sleppe det peset i adventstida!

I helga er det i tillegg til marknaden Thanksgivingmåltid på hotellet, og fest i Heimlund om kvelden. I Heimlund skulle vi ha program frå Nordsida, men dette blir det likevel ikkje noko av denne gongen. I øyeblikket er det derfor litt i det blå kva som blir å tilby av program, det vil vi orientere om på Vikanenett så følg med der. Men uansett er det ein av dei få sjansane vi har gjennom året til å treffast i Heimlund. Så benytt sjansen og møt fram til ein triveleg danse- og pratekveld! Heimlund treng inntektene.

Vi ser at ordføraren kjempar hardt mot å få asylmottak i kommunen. I juni klarte vi å samle oss såpass at asylentreprenørane mista interessa. Den gongen var omkvedet at 20-30 asylantar kunne vi alltids klare. Er det framleis haldninga i bygda?

Busstragedien i Årdal kjem til å setje spor lenge, og ein kan godt seie at begge dei tragiske hendingane på Valdresekspressen like gjerne kunne ha skjedd på Nordfjordekspressen.
Vi har hatt flaks

Her i bygda har vi hatt stor glede av innvandrarar av alle folkeslag og med alle slags bakgrunnar. I framtida har Norge både behov for innvandring og forpliktelsar overfor asylsøkjarar. Derfor er det viktig å prøve å ha meir enn ein tanke i hovudet samtidig: Dei som har fått innvilga asyl har blitt tvinga til å forlate sitt eige land, og har gode grunnar for det. Desse vil skape seg ei framtid i Norge og vi bør ynskje dei velkomne og glede oss over at dei i framtida vil utgjere ein verdifull tilvekst og ein kjærkomen ressurs.

Problemet er at ein tredel av asylsøkarane ikkje er reelle flyktningar, eller ikkje har rett til å søkje asyl i Norge i det heile tatt.

I staden for å tre nye asylmottak over hovudet på kommunane burde UDI med sine vel 1000 tilsette sørge for å gjere jobben sin skikkeleg. I første omgong burde det vere muleg å returnere dei som ikkje har asyladgang i Norge fordi dei først har vore innom eit anna EØS-land. Kvifor skal vi hefte desse personane med 6 månader i Norge? Dei har ikkje høve til å arbeide, har ikkje rett på offentlege tenester, men blir sitjande i mottak og ta opp 3-4000 plassar for andre, trengande asylsøkjarar.

Det er derfor grunnlag for å påstå at det er seindrektige norske styresmakter si skuld at konfliktnivået rundt asylmottak aukar. Kritikken må innrettast mot UDI og ikkje mot asylsøkjarane. Det er ikkje fleire asylmottak det er behov for, men meir effektive styresmakter.

Dersom vi først skal ha asylmottak så bør det vere eit resultat av forhandlingar mellom kommunen og UDI, og ikkje eit tvangstiltak pålagt kommunen av kommersielle asylentreprenørar.

Uansett høyrer asylsøkjarar som har fått avslag til på det sentrale østlandet, ikkje her ute i eit fylke som snart ikkje har korkje politi eller rettsvesen, viss sentrale styresmakter får det som dei vil.

I dette perspektivet blir det viktig å ta vare på det vi har, både av kultur og servicetilbud. Denne helga kan du gje eit godt bidrag, eg foreslår følgande timeplan for laurdag:

Klokka 11.00: Kaffi og svele hos Trude på GoBeten.
Klokka 12.00: Julegåvehandel og mykje godt prat i Styrkhallen
Klokka 18.00: Årets kalkunmiddag på Fjordhotellet
Klokka 19.30: Spasertur til Heimlund for eit glas vin og dans
Klokka 02.00: Rett heimatt og kvile ut til ein ny dag i Styrkhallen


Husk at nokon alltid blir glade for at nettopp du kjem.


(Sist oppdatert 22.november 2013, 16:34)

Gå til nyhendearkiv