Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Nesten 700 på utkantmarknaden

Nesten 700 på utkantmarknaden

Av Fjordingen

-Litt i underkant av totalt 700 menneske besøkte utkantmarknaden
i Innvik laurdag og søndag.

Laurdag var ein god dag, men søndag var det langt færre besøkande
enn forventa, seier Per Heggdal til Fjordingen.

Les saka på www.fjordingen.no.

Kvalitetsmesse i Innvik

Utkantmarknad med smil og ekte kvalitet

Av Fjordingen

Utkantmarknaden i Innvik i helga kunne by på ekte varer. Det vere seg både produkt, mat og underhaldning. 44 utstillarar deltok i hallen.

Vikane Røde Kors og Vikane Idrettslag er formelt sett arrangørar av Utkantmarknaden, men tiltaket er også eit sjeldan dugnadsløft i våre dagar med sterk innsats frå enkeltpersonar og ikkje minst bygdekvinnelaget i Vikane, Gaupa 4H og andre lag.

- God oppslutning

Andreas Søndenå ønskte velkomen i hallen laurdag og i løpet av to timar hadde så mange som 350 løyst inngangsbillett. Søndenå la ikkje skjul på at det var mange flotte produkt og oppfordra både utstillarar og publikum til god handel, og god handel skulle det bli.

Gaupa 4H inviterte til juleverkstad

Av Fjordingen

Gaupa 4H inviterte på utkantmarknaden alle born til juleverkstad på loftet i Styrkhallen.

Thanksgiving på Innvik Fjordhotell

Av Fjordingen

Like sikkert som Utkantmarknaden i Styrkhallen i Innvik, er Thanksgiving på Innvik Fjordhotell både laurdag og søndag ettermiddag.


Les alt om Utkantmarknadhelga 2013 i Fjordingen mandag 25. november 2013 side 8 og 9.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 26.november 2013, 15:03)

Gå til nyhendearkiv