Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Mona-Jill Band kjem til Innvik

Mona-Jill Band i Heimlund laurdag 12. april 2014

Av Harald Røyrvik

Mona-Jill Band kjem til Innvik, nærmare bestemt til Heimlund laurdag 12 april 2014.

Mona-Jill Band vart starta som eit ambisiøst musikkprosjekt av Bjarte Haugen og Maron Sandvik våren 2013. Begge to hadde da hatt lang fartstid med Bl.a. Steinar Engelbrektson Band, men var nå klar for realisering av eige bandprosjekt. Med seg på laget fekk dei Jan Espen Rolid fra Rendalen og Jan Karsten Einang fra Isfjorden. Alle røynde musikarar med lang musikalsk fartstid. Vokalisten, og einaste jenta i gjengen, er Mona-Jill Knapp Forssen fra Lycksele i Sverige. Ho er eit føreløpig ubeskrevet blad på musikkhimmelen, men med ei praktfull stemme og herlig utstråling, voks ho fort inn i rolla som naturlig frontfigur og vokalist i det nye bandet, Mona-Jill Band. Med på laget har også gjengen fått med Rogeir Haugen som skal fungere som manager/markeds kontakt utad, samt delta i stor grad på skriving av låtar til bandet. Rogeir er tvillingbror til Bjarte, som spelar i bandet, og begge to har i årevis levert låtar til dei fleste kjente banda i Norge innanfor sjangaren Country/Danseband.

Bandet har lagt seg i ‘crossover’ sjangeren mellom danseband og country og det som vil være kjennemerkje for bandet er at mykje av stoffet er sjølvskreve. I tillegg til interne musikalske krefter har bandet knytta til seg dyktige folk i fleire ledd. Nevner produsent/låtskrivar Jakup Zachariassen fra Færøyane. Tekstskriver Roland Jansson, Låtskrivar Trond Ihle og Steelgitar legende David Hartley blant fleire. Ambisjonane til bandet er å etablere seg blant dei beste innanfor sjangeren, samt at dei skal levere ‘ekte’ vare, dvs. Det publikum høyrar fra scena er det som vert levert på scena.

Første låt fra bandet kom på radio våren 2013, det var sangen ‘Älskling kom hem‘. Denne sangen vart det også laga video til, og den går nå jevnt på Danseband Svisjen. Etter denne låten vart det iløpet av sommaren/hausten 2013 sleppt to låtar til. Det var ’Jag tar livet som det är’ og ’Här är livet’. Alle disse 3 låtane har vært spilt på radio og dei ligg alle ute på You Tube.

12. Oktober var det ’releasefest’ for bandet på heimebane i Olden. Fra første tone var dansegolvet fullt og slik fortsette det heile kvelden. Bandet har nå hatt fleire dansejobbar med strålande tilbakemeldingar. Allereie i November/ Desember 2013 startar bandet med utplukking av låtar til bandets første CD som skal sleppast våren 2014. Mona-Jill Band har ambisjonane på plass og vil gjeren ha kontakt av arrangørar som vil satse på ekte speleglede, ekte musikk og eit reportoar som bare oppmodar til å la dansefoten sleppe laus. Mona-Jill Band helsar til alle fans der ute og håpar at mange vil ta godt imot dette ambisiøse bandet.

For meir informasjon om Mona-Jill Band sjå heimesida monajill.com eller facebook.com/MonaJillBand.


(Sist oppdatert 26.november 2013, 17:34)

Gå til nyhendearkiv