Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Adventsfest på misjonsheimen

Av amsv

Ved Innvik Fjordhotell Misjonsheimen blir den tradisjonelle adventsfesten arrangert fredag 6. desember.

Kvelden startar med julemiddag, og seinare på kvelden blir det servert dessert og kaker.

På programmet står song ved Kari Laila og Ove Aksnes. Ronny Solheim frå Sandane vil vise naturbilete med musikk til, og det blir kveldstankar ved Anne Kristin Gunvordal. I tillegg blir det tid til prat og sosialt samvær.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til førjulsstemning på Misjonsheimen.


Sjå også plakaten i kalendaren her på Vikanenett og hugs påmelding innan 3. desember.


(Sist oppdatert 02.desember 2013, 15:00)

Gå til nyhendearkiv