Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Julefeiring på omsorgssenteret

Jul på omsorgssenteret

Av Fjordingen

Ikkje alle kan feire jul i eigen heim. Institusjonane i distriktet tek godt vare på tradisjonane, og her kan du sjå bildeglimt frå julefeiringa ved Vikane Omsorgssenter. Her deltok også ordføraren.

Julafta på Vikane omsorgssenter vart feira på tradisjonelt vis. Feiringa starta med at presten las jule-evangeliet før det vart servert julemiddag, ribbe og moltekrem.

Seinare var det gang rundt juletreet. Ikkje alle klarar å gå rundt treet, men alle likar å sjå på.

- Sangen og gangen rundt treet gir glede og gode minner. Vi set difor stor pris på at det kjem besøkande som er med på dette. Utdeling av gåver høyrer med til julefeiringa, så også på Vikane omsorgsenter. Vi var også heldige å få besøk av ordføraren. Han kom for å ønske god jul til bebuarane og til dei som var på arbeid, fortel områdeleiar Oddhild Hilde til Fjordingen.

Foto Vikane omsorgssenter


Ordføraren slår av ein prat med Einar Frøyset.


Julemiddagen er servert. Rolf Vanberg og Einar Frøyset nærast.


Klare for å gå rundt treet: Jelena Sidorenko, Helga Fivelstad, Dagfrid Andersen og Petter Kjell Nesdal.


Julepakkar høyrer med, her er det Helga Bruland og Anna Fløtre som pakkar opp.



(Sist oppdatert 29.desember 2013, 18:15)

Gå til nyhendearkiv