Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Nytt år

Godt nytt år! - Kva har du tenkt å gjere for nokon andre i 2014?

Av Harald Røyrvik

Vikanenett ønskjer alle eit godt nytt år og utfordrar med dette lesarane til å bidra i 2014!

Innvik bygdeutvikling vedtok i slutten av mars 1999 at dei har til føremål å fremje og
utvikle næringsliv, kultur, miljø og trivsel i Innvik.
I mars 2009 kom Innvik Bygdeutvikling og Utvik Vel og Utviklingslag med nettportalen
Vikanenett som skal fortelle kva som har skjedd og kva som skal skje i Innvik og Utvik,
samt gi anna lokal informasjon.

I løpet av desse snart fem åra har ein tilbakelagt rundt 2200 dugnadstimar. Ein har presentert rundt 9 stk nyhende i veka og kalendaren har gitt informasjon om det aller meste av det som skulle skje.

I mars 2011 kom Vikanenett også med i den sosiale verda på www.facebook.com/Vikanenett. Denne sida kan lesast av alle, men for å ytre meiningar må ein vere brukar på facebook. I skrivande stund er det 267 som følgjer hendingane til Vikanenett på facebook.

Vikanenett.no er primært administrert av underteikna med nokre hjelparar i Innvik og Utvik. Ein har ikkje journalist og speglar for det meste overskriftene til dei lokale mediene.

No har vi gått inn i eit nytt år og tida er her for å sjå seg tilbake og tenke tankar for framtida.
- Bidrar nettstaden til å fremje og utvikle næringsliv, kultur, miljø og trivsel i Innvik og Utvik?
- Er nettstaden grei nok eller skulle ein ha investert i ein meir "proff" plattform?
- Kanskje kan ein legge nettstaden heilt ned og berre bruke facebook?
- Kva skal til for at bygdefolket bidrar med nyheitskriv til Vikanenett?
- Er det nokon i Innvik eller Utvik som kunne tenkt seg å vere journalist for Vikanenett?

Om du kunne tenke deg å ta nokre bilder og/eller skrive nokre setningar om ei eller fleire hendingar i Vikane, så hadde mange i Innvik og Utvik satt stor pris på det!

Ta kontakt med underteikna på mail ha-roeyr@online.no om du vil bidra litt for Vikanenett i 2014!



Foto av Harald Røyrvik - Bilde av Innvik tatt frå Utsikten 2/1-2014.


(Sist oppdatert 03.januar 2014, 23:59)

Gå til nyhendearkiv