Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Inga endring for sommarstengde barnehagar

Av Fjordingen

Brev frå foreldrekontaktene i Innvik barnehage og Loen barnehage vedrørande sommarstengde barnehagar vart refererte i møtet i skule- og kulturutvalet sist veke. Men spørsmålet vil ikkje bli teke opp til ny vurdering før ved budsjetthandsaminga for 2015.

Under budsjettarbeidet for 2014 vart det vedteke fire veker sommarstenging i barnehagane. Foreldrekontaktene i barnehagane i Loen og Innvik oppmodar i brev til Stryn kommune om at dette vedtaket blir teke opp til ny politisk handsaming.

Utvalet tok breva til etterretning, men gjorde ingen vedtak om å be om ny, politisk handsaming før budsjettrunden for 2015.

Les heile saka i Fjordingen mandag 10. februar 2014, side 5.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg på buyandread.com.



(Sist oppdatert 14.februar 2014, 11:13)

Gå til nyhendearkiv