Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Olympiske leikar

Olympiske leikar i Innvik

Av Vikane Omsorgsenter

12. februar vart det endeleg olympiske medaljar til Stryn då det vart arrangert Olympiske Leikar ved Vikane Omsorgssenter.

Ikkje alle kan reise til OL i Sotsji. Men å konkurrere på heimebane kan alle. På Vikane Omsorgssenter var alle brukarane tekne ut til OL og ein stor tropp stilte på startstreken i øvinga mix-stafett gåstol/rullestol. Løypa gjekk frå storstova til vaktrommet med retur, med innlagt kasting på blink, og løypa var rekna som middels krevjande.

Etter at OL-komiteen på høgtideleg vis hadde erklært leikane for opna, gjorde løparane seg klare på startstreken med startnummer på bringa og konkurranseinstinktet i orden. Startskotet gjekk og løparane forsvann nedover gangen til jubelbrus frå publikum langs løypa.

Lag nr. 1 med Marit Valaker med rullator opna sterkt, men blei snart teken att av Anna Hestenes med nummer 2 på brystet. På standplass der målet var å treffe ei korg med ein rispose, kom det tydeleg fram at Jakob Kvamme hadde ein god kastearm. Lag nummer 1 hadde ein god dag i sporet, men Marit Valaker merka melkesyra på standplass og måtte ut i strafferunder.

Etter siste runde var det tett i teten, men lag 2 med Alma Bjerknes på ankeretappen, fekk kasta eit hjul framfor nestemann. Ein etter ein gjekk laga i mål til ellevill jubel frå publikum.

-Eg har trena mykje gåing i korridorane i vinter, seier vinnar Ragnhild Hestenes.

Den absolutt raskaste i sporet var Anna Hestenes. Ho har langt ned mange treningstimar utandørs på plassen og fekk lønn for strevet.

-Eg syns dette løpet var litt kort, sier ho.

Flotte medaljar i gull, sølv og bronse blei delt ut til glade vinnarar og kakao og nasjonalsongar vart avslutningsseremonien på den olympiske moroa.

-Vi er veldig fornøgde med olympiaden. Vi hadde ingen problem med verken smøring, tåke eller vind, avsluttar IOC-president Grete Hilde.


Jakob Kvamme og Marit Valaker i duell på standplass i første etappe.


Vinnarlaget var eit reint damelag.
Nede frå venstre: Kjellfrid Myklebust, Anna Hestenes, Ragnhild Hestenes og Alma Bjerknes.
Bak står trenarar og støtteapparat: Grete Hilde, Cecilie Myklebust, Linda Muri, Lutti Guddal, Heidi Sunde og Hildegjerd Havåg Bjørlo.


Heiagjeng langs løypa, f.v. Aslaug Strand, Reidunn Beinnes, Aud Lyslo, Kjellfrid Myklebust, Alma Bjerknes, bak med flagg: Marc Perssson.


Audun Hjelle og Heidi Sunde i fint driv i sporet.


Eili Heggdal rullar for lag nr. 3.


Ragnhild Hestenes gjekk på gull-laget og blei belønna med medalje av finaste papp.


(Sist oppdatert 24.februar 2014, 21:10)

Gå til nyhendearkiv