Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Mannen var langt frå edru då køyreturen enda i kyrkjemuren

Mannen var langt frå edru då han krasja i kyrkjemuren - no må han i fengsel

Av NRK Sogn og Fjordane

Med over to i promille sette mannen i 20-åra seg bak rattet. Nokre meter seinare krasja han i kyrkjemuren i Innvik. No må han i fengsel.

Både bilføraren, som heller ikkje hadde førarkort, og kameraten i passasjersetet vart frakta til Førde sentralsjukehus etter ulukka . Blodprøve to timar seinare viste ein promille på 2,04.

I Fjordane tingrett er mannen no dømd til fengsel i 120 dagar, der 60 dagar blir utsett med prøvetid på to år.

– Det står fram etter bevisføringa som heilt tilfeldig at ulukka ikkje enda med at menneskeliv gjekk tapt, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.


(Sist oppdatert 01.mars 2014, 03:45)

Gå til nyhendearkiv