Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Status og arrangement i Heimlund

Status og arrangement i Heimlund vinter/vår

Av Svein Kvame

Heimlund har dei siste åra vore gjennom ei stor oppgradering både inne og ute og står etterkvert fram som eit tenleg hus for bygda.

I vinter har 4H jobba med å pusse opp matsalen. Dette prosjektet er planlagt ferdig på vårparten. Her har 4H gjort ein kjempejobb som vi er svært takksame for.

For tida vert det jobba med renovering i garderobane og vi håpar det vert ferdig i løpet av våren. Det gjenstår ein del arbeid med dette prosjektet endå og her er mulegheit for å delta med dugnadsinnsats! Om det er nokon som kan tenke seg litt dugnads arbeid framover så ta kontakt med Marianne Drageset på tlf 41560215. Arbeidet består stort sett i malingsarbeid i garderobane.

3. juledag arrangerte Heimlund Rakfisk-kveld m påfølgande dans.
Det var ein svært så triveleg kveld, med mange oppmøtte, fin stemning og mange positive tilbakemeldinger.

2. mars arrangerer bygdekvinnelaget Grautbasar i Heimlund.
Laurdagane før basaren vert det loddsalg på butikken og vi oppfordrar alle om å støtte Heimlund med loddkjøp og oppmøte på Basaren.
140 nye stoler er komne og skal takast i bruk på Grautbasaren og då håper vi alle får sitte godt.

12 april arrangerer Heimlund dans til musikk av Mona-jill band. Til dette arrangemanget har vi søkt løyve til skjenking av øl og vin og her håper vi på fullt hus.

Vi er også på dette arrangemanget avhengig av at folk er villige å yte ein innsats i form av vakthald, kiosk og billettsalg.

Dei som kan tenke seg å gjere ein innsats 12 april i kiosk, billetter eller vakhald tek kontakt med Svein på tlf 97519761.

Årsmøtet for Heimlund er planlagt til 28 mars.




(Sist oppdatert 01.mars 2014, 13:48)

Gå til nyhendearkiv