Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Basisball i Innvik

Basisball i Styrkhallen

Av Harald Røyrvik

Basisball no både tysdagar og fredagar kl.19:30 i Styrkhallen.

Gunn-Bente Skåden har stått i bresjen for å få i gang Basisball i Innvik. Saman med Unni Verlo, som også har tatt instruktørkurs har dei gjennomført treningar i Styrkhallen kvar tysdag sidan det vart starta opp i oktober 2013.

BasisBall er basistrening med medisinball, derav navnet BasisBall.
Selskapet Back to Start frå Stryn lanserte treningsforma i november 2012.

Vikane il skriv i årsmeldinga si at dei har kjøpt inn 50 basisballar og at det har møtt opp 30-40 personar på kvar trening. Her deltar både damer, herrer, unge og gamle. Dette har blitt ein suksess i bygda, der mange har delteke både frå Innvik, Utvik og Olden.

17. februar tok Lone Frøholm Kvamme instruktørkurs og frå den 21. starta dei opp med basisball også på fredagane.

Gunn-Bente kom med følgjande oppmoding i Innvikja nyleg:
Inga grunn til å parkere i sofaen ved vekeslutt lengere. Vi har starta opp igjen med basisball! Dette er noko alle kan delta på så det er bare å møte opp!

Basisball Raw kvar tysdag kl.19:30                                                     Basisball 4x4 kvar fredag kl.19:30


Foto av spreke og engasjerte jenter på Basisball 4x4 tatt av Gunn-Bente Skåden


(Sist oppdatert 04.mars 2014, 21:33)

Gå til nyhendearkiv