Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Spennande tankar kring gamle Innvik Ullvarefabrikk

- Eit fantastisk anlegg

Av Fjordingen

Arbeidet med ei storstove for kulturelle aktivitetar på historisk grunn i Gamle Innvik Ullvarefabrikk er eit steg nærare målet etter møtet med Norsk Kulturminnefond førre veke.

Stiftinga har fått ei løyving på 294.000 kroner, og møtet kom i stand for å klargjere bruken av midlane.

– Vi har ein del ting som må på plass om vi skal kome vidare og skape ein økonomisk plattform, sa Alf Heggdal då han presenterte planane for kjøkken og ein mindre restaurant isolert for heilårsdrift, i det som ein gong i tida var fargeriet i fabrikken.

– Eit fantastisk anlegg, kommenterte avdelingsarkitekt Sophie Gjesdahl Noach i Norsk Kulturminnefond etter synfaring og orientering. Ho hadde teke turen frå Røros for å møte leiinga i stiftinga saman med Arlene Synnøve Bidne som er rådgjevar for bygningsvern ved kulturavdelinga i fylkeskommunen, og Knut Åland som er rådgjevar ved same avdelinga.
– Eg trur vi skal bli samde. No reiser eg tilbake for å lage ein rapport som skal legge føringar for det som skal skje vidare, sa ho.
– Det er modige folk som går i gang med eit slikt prosjekt med så lite kapital og så mykje dugnad. Eg er imponert over kva som er gjort med små midlar, la ho til.

Sjå bilda og les saka i avisa Fjordingen onsdag 5. mars 2014.

Befaring Innvik gamle ullvarefabrikk

Av Norsk Kulturminnefond

Tirsdag 26. februar 2014 var Kulturminnefondet ved Sophie Gjesdahl Noach på befaring hos Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Sjå bilda og lesa saka på www.kulturminnefondet.no.

Foto Norsk Kulturminnefond




(Sist oppdatert 06.mars 2014, 19:16)

Gå til nyhendearkiv