Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Seniordansarar svinga seg i Styrkhallen

Seniordansarar svinga seg i Styrkhallen

Av Fjordingen

Rundt 100 seniordansarar møttest i helga (9/3) til dansetreff i Styrk-
hallen.
- Tilbakemeldingane var så positive at det kan nok hende vi prøver
dette igjen, seier initiativtakar Margunn Hage frå Utvik.
Stor danseglede i Styrkhallen. © Knut Osvoll
Idéen vart sist søndag sett ut i livet. Då kom dansarar frå seniordanse-
gruppene i Loen, Hornindal, Jølster, Fjærland, Gloppen og Breim for å
danse i lag i Innvik.

Rundt 100 deltakarar møtte fram til fleire timar med felles dansing.

Midt på dagen var det sett av tid til mat- og kaffipause, der Innvik
Fjordhotell Misjonsheimen tok seg av serveringa.

Les heile saka i Fjordingen fredag 14. mars 2014, side 8 og 9.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg på nettstaden buyandread.com.


Foto Knut Osvoll
Omlag 100 seniordansarar fekk svingt seg på det felles seniordansetreffet. © Knut Osvoll
Stor danseglede i Styrkhallen.

Margunn Hage, initiativtakar til seniordansetreffet, Randi Bjørset, leiar for Vikane Seniordans. © Knut Osvoll Omlag 100 seniordansarar fekk svingt seg på det felles seniordansetreffet.

Ivrige seniordansarar frå Loen, Hornindal, Jølster, Fjærland, Gloppen og Breim på dansetreff i Innvik.

Margunn Hage, initiativtakar til seniordansetreffet, Randi Bjørset, leiar for Vikane Seniordans.

Ivrige seniordansarar frå Loen, Hornindal, Jølster, Fjærland, Gloppen og Breim på dansetreff i Innvik. © Knut Osvoll


(Sist oppdatert 18.mars 2014, 23:11)

Gå til nyhendearkiv