Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Familiedag på Utvikfjellet

Familiedag på fjellet søndag 6. april 2014

Av Harald Røyrvik

Søndag 6. april arrangerte barneidretten og skigruppa i Vikane IL familiedag på Utvikfjellet.

Arrangørane hadde laga til langrennsløype for barna med innlagte øvelsar.
- Mette sendte barna ut med passeleg mellomrom.
- Grethe instruerte dei i å kaste snøball, der dei skulle treffe oppi kjeglene som sto oppned i snøen.
- Så var det til "den samiske"-posten, som var styrt av Kjell, der ein skulle kaste lasso på gevir.
- Rolf Erlend sto ved den vansklegaste aktiviteten (for store å små), der ein skulle stå på ski under stikkene.
- Til slutt fekk dei ein tallerken med snø av Steinar og Bjørn Åge, som skulle balanserast fram til målgang.
- Etter målgang fekk barna buff i premie for flott gjennomført runde av Mette.

Deretter var det bålkos frå to flotte bål som var laga til på ei bølgeblikksplate. Vikane IL stilte med kaffi, saft og brøddeig til å lage seg pinnebrød. Tralten gjekk lystig og eg trur alle som stilte på familiedagen syntes dette var fantastisk sjølv om det var grå skyer på himmelen.













(Sist oppdatert 09.april 2014, 17:23)

Gå til nyhendearkiv