Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vennefest med noko attåt

Vennefest med noko attåt

Av Innvik Bygdekvinnelag

Innvik Bygdekvinnelag inviterte til vennefest søndag 6.april.
95 bygdekvinnelagsmedlemmer møtte fram og fekk høyre foredrag om Brurekruner frå Nordfjord.

Formann i Innvik Bygdekvinnelag, Ingvild Johansen sto i bresjen for ein vellukka vennefest i Heimlund. Bygdekvinner frå Utvik, Innvik, Olden, Oldedalen, Loen og Stryn hadde møtt fram til ei hyggjestund, der Bendik Os var invitert til å halde et kåseri om “Brudekruner frå Nordfjord”.

Bendik Os har røter frå Nordfjord, besteforeldra hans kom frå Nordfjordeid. I samband med opprydding i papir etter bestefaren, fann han sin bestefars beskrivelse av familiens eiga krune, Os-kruna. Dette ga støtet til å finne ut meir om kruna si historie, gullsmeden som laga den, og ikke minst bryllaupstradisjonane, som står sterkt i Nordfjord. Som et interessant biprodukt har han kartlagt 24 andre brudepynt frå regionen. Han har fått bilder av brudepar og blitt fortalt historier om dei mange krunene sine ulike eigarar opp gjennom tidene.

Foredraget bygger på ei bok han har skreve om dette kulturhistoriske temaet. Os understrekar sterkt at brudekruner og brurepynt representerer en verdifull del av kulturarven som bør takast godt vare på.

Som en ekstra spiss på dette innslaget bar Ingvild Johansen Sølvbergspyntet. Pyntet var utlånt av Else Teigland, datter av Jon Sølvberg som i si tid fekk laga pyntet. Ingvild er oldebarn av Jon Sølvberg. Forsamlinga reiste seg då Ingvild Johansen og Bendik Os skreid inn i lokalet, til tonane av brudemarsjen “Raftevoldskruna”, skreven av Arne M.Sølvberg frå Fjelli.

Det vart servert nonsmat, steiovnsbaka brød, ost og heimelaga syltetøy, kaker og kaffe. Johansen fortalde litt om oppstarten av Bondekvinnelaga og utviklinga fram til no. Ho fortalde også litt om kva Innvik bygdekvinnelag driv med. Det var allsang og fleire frå dei andre laga som kom med små innslag.

     

          

     

     



Les også nyheitskrivet
Brudekroner og brudepynt
her på Vikanenett.





(Sist oppdatert 21.april 2014, 23:50)

Gå til nyhendearkiv