Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Dugnad i og rundt Innvik kyrkje

Eit sikkert vårteikn er innbyding til dugnad!

Av Ragnhild Vambeset

Innvik sokneråd har bestemt at det skal vere dugnad inne i, og ute
rundt kyrkja, måndag 28.april frå kl 18.

Her er det plass for mange. Inne er det vasking/støvtørking og pussing
av sølv og messing. Ute skal det rakast, reinskast og ryddast. Ta gjerne
med rive, vaskebøtte og anna utstyr du kan tenkje deg å bruke. Sokne-
rådet stiller med kaffi/saft og noko å bite i. Dugnad er sosialt.

Kom og gjer det fint i og rundt kyrkja vår til 17. mai og konfirmasjon!

Innvik sokneråd


(Sist oppdatert 24.april 2014, 06:57)

Gå til nyhendearkiv