Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Turløyper Hildahalsen

Turløyper Hildahalsen - Steinar Frøholm

Av Harald Røyrvik

Har du følgt dei merka turløypene rundt på Hildahalsen? Her kan du no finne meir informasjon om løypene!



Steinar Frøholm har i løpet av dei siste åra brukt ein del av tida si til å merke opp 12 turløyper på Hildahalsen. No er desse løypene merka på bilde og det er laga ein tekstbeskrivelse til turløypene.

Vi anbefalar alle å laste ned desse to pdf-filene på mobilen din, slik at du kan ta dei med på tur:

Turløyper Hildahalsen - bilde og Turløyper Hildahalsen - tekst


Løypene som er merka er:
  1. Inste byggefeltet til Hildaneset
  2. Rognkleiva
  3. Klypesteinane
4-5. Bjønnstejen / Ørnereirstejen
  6. Långeskora
  7. Øvre skogsveg / Hildaneset
  8. Bolljeberget (Balljeberget?)
  9. Gaddane
10. Langhamrestova / Dryppsteingrotta
11. Høgefossen
12. Jørnladene


Turløyper Hildahalsen - Merking av "Inste byggefeltet til Hildaneset"

Av Harald Røyrvik

Søndag 5. januar var det tatt initiativ til å merke opp løypa frå inste byggefeltet (garasjen til Arnt Bøe) og opp på toppen av Hildaneset.
Dette er ei løype som Arnt for det meste har brukt aleine og som no inngår i løypekartet saman med dei andre løypene Steinar har merka.
Fleire møtte opp og tempoet var ulikt oppover lia. Ved bruk av motorsag, sakser og merkeband fekk ein laga til stien.

Foto Arnt Bøe


Foto Harald Røyrvik


(Sist oppdatert 29.april 2014, 15:41)

Gå til nyhendearkiv